World economic forum og systemisk leiing

last ned.png

Med overskrifta “Systemic Leadership can change the world - but what excatly is it?” skaper World economic forum rørsle. Dette skapar begeistring hjå oss i evoSpor da vi har systemisk perspektiv. Saman med Mestringskompetanse AS ligg den systemiske teorien som utgangspunkt i både det vi gjer og den vi er. Å kunne utøve systemisk leiarskap handler i stor grad om å vera trent til å forstå seg sjølv og det systemet ein til eikvar tid er eindel av. Det å finne sanninga saman, det å vite kvar balansen mellom det humane og det instrumentelle ligg for å nå mål saman er noko av essensen i dette. Her i Noreg er det ikkje så mange som har praktisert det systemiske perspektivet innan leiarskap, og dette syner også artikkelen frå World economic forum. Det trengs tid både til å utdanne leiarar og konsulenter til dette.

Vi i evoSpor og Mestringskompetanse er glad for at det no endeleg blir sett på kartet som kanskje det viktigaste i dei komande åra innan leiarskap. Vi treng å forstå kvarandre endå meir. Vi treng å forstå korleis vi konstruerer verda og sanninga saman. Og vi treng å jobbe med dei ulike historiar for å bli endå meir effektive og nå gode mål saman.

Ta gjerne konakt med oss om de ynskjer å høyre meir om korleis vi jobber med dette. Vi er begge utdanna innan det systemiske perspektiv, og sålangt er det innan det familieterapeutiske området utdanninga har vært, og me fremjar VID, Vitskapelig høyskole for dette!

Sjå artikkelen til World economic forum her: https://www.weforum.org/agenda/2019/09/systems-leadership-can-change-the-world-but-what-does-it-mean/

Terje Hofsmarken og Gro Mykkeltvedt

Gro Mykkeltvedt